Om oss

Dør og Vindusvern AS er eit snikkarfirma med kompetanse på antikvarisk arbeid.

Firmaet har spesialisert seg på  restaurering av vindauge og dører i samarbeid med andre kvalifiserte firma, både nasjonalt og internasjonalt.

Har du spørsmål angåande dei ulike tenestane våre eller eit  produkt?
Kontakt oss på post@dov.no

Innehavar Otto Stornes tok sveinebrevet i snikkarfaget i 1973. Maria Stornes vart ein del av firmaet hausten 2010. Ho tok sveinebrev som møbelsnikkar i 2003. Bedrifta utfører arbeid på freda og verna hus, kyrkjer og private bustadar. Både Otto og Maria har meisterbrev.

Vi kan m.a. syne til fleire større oppdrag på Jugendstilsenteret i Ålesund og Ålesund Arbeiderforening. Restaureringsarbeid i mellom anna Rødven stavkyrkje, Giske og Vigra kyrkjer, samt på private bustadar. Det nemnde har vore i tett samarbeid med antikvariske myndigheiter. I tillegg til dette, har vi hatt fleire oppdrag på konsulentbasis. Snikkarverkstaden vår kan tilby reparasjon og kopiering av bygningsdelar, der det er nødvendig. Firmaet arbeider etter antikvariske retningsliner og  bruker berre miljøvenlege material og metodar. Vi kan også tilby tretesting med IML-resistograph. Les meir om dette på eiga side.

Firmaet sin breie kompetanse innan antikvarisk arbeid, saman med allsidig snikkarerfaring over mange år, er no tilgjengeleg for forvaltarar av freda og verneverdige bygg i Noreg. Bedrifta har eigen verkstad på Vigra.

 

 

 

 

 

 

shopping basket 0 items

Shopping Cart

0

Your shopping cart is empty

Visit the shop