Ottossons ordliste


  • Påføring Linoljemåling skal alltid påførast i tynne strøk. Målinga flyt ikkje ut og må strykast godt ut med pensel. Bruk gjerne fordrivar til slutt. Det er viktig å påføre målinga i jamne lag. Dersom målinga ikkje vert påført jamt kan det verte ujamn glans på den måla flata. Målinga kan påførst tynt med målarrull på slette flater, som til dømes metall, og slett puss. Linoljemåling kan påførast med fleire ulike metoder, det som er viktig er at den vert påført tynt.
  • Arbeidstemperatur Linoljemålig inneheld ikkje vatn og toler frost. Første strøket kan til og med påførast i minusgrader, men då må underlaget vere tørt og målinga må vere romtemperert. Den beste temperaturen når ein målar er mellom 15 og 25 grader. Unngå å måle i direkte sollys, på varme dagar.
  • Brannrisiko Filler som er nytta under måling kan vere sjølvantennande. Legg filla i vatn, eller i ein brannsikker dunk med lok, straks du er ferdig med dei!
  • Økonomi Dersom ein reknar pris per kvadratmeter, og ikkje pris per liter, blir ein ofte overraska over kor billeg målinga er. Linoljemålinga rekk til 2-3 gongar så stor flate pr liter samanlikna med andre målingstyper.
  • Glans Denne målinga har ein høgglans etter tre påføringar, men vert mattare med tida. Etter 3-4 månader ser ein den endelege glansen som er halvblank (glansgrad 15-30). Ein reagerer ofte på den høge glansen etter siste strøk, spesielt ved måling innandørs, men allereie etter ei veke ser ein at målinga begynner å verte mattare.
  • Gulning Linolje gulnar i mørket og bleikast av lys. Dette medfører ingen gulning ved utvendig måling, ubetydeleg gulning i rom meddagslys og sterk gulning i mørke rom utan dagslys. Denne gulninga er reversibel. Det vil seie at ei overflate som har gulna  grunna lite dagslys går attende til opphaveleg farge dersom ein tilfører dagslys, (td bak eit bilete, under ei blomsterpotte i vindaugskarmen, osb.)
  • Innsug Når ein måler på ei sugande overflate vert fargen mørkare enn venta. Ei flate som trekk inn målinga ulikt vert både matt/blank og lys/mørk. Særleg når ein målar innvendig og kravet til sluttresultat er høgt kan dette skape probelm. Dette blir ofte ekstra godt synelg på gråfargar. For å få det sluttresultatet som ein ynskjer kan ei flekke på dei partia som syg meir enn andre, før sluttstrøket. Hugs å følgje oppgitt tørketid og påfør også denne flekkmålinga jamt og tynt. Innsug kan også kome dersom det er mykje dogg. Unngå å måle på fuktige haustkvelder.
  • Lagring. Lagringstida på linojlemålinga er ubegrensa, so lenge ho ikkje er i kontakt med oksygen.Dersom ein skal lagre ei opna målingsspann skal ein dekke til målinga med plast før slår lokket godt fast på spannet. Det beste er å lagre målinga kjølig, ho toler frost. Ved lagring over lengre tid vil fargepigment synke mot botn, det er derfor viktig å røre lenge og vel før bruk.
  • Løysemiddel/tynning Målinga inneheld ikkje løysemiddel, med unntak av nokre farger (sjå fargeprøvene). I dei tilfella løysemiddel blir oppgitt vert det nytta balsamterpentin som består av 100% vegetabilske terpener, frå destillert bartrekvae.  Terpentin transporterer oksygen som betrar tørkinga. Det har vore nytta whitespirit og alifatnafta som tynner, med godt resultat. Ved innvendig måling er det viktig å følgje sikkerhetsforeskriftene på dei ulike løysemidla. Løysemiddel er eit teknisk hjelperåd som letter målingsarbeidet. Mange av våre kunder bruker vår måling utan å tilsette løysemiddel, med gode resultat, (sjå arbeidsbeskrivinga vår).
  • Mugg/algeangrep på overflaten er uvanleg, men kan forekome utandørs. Ein vil sjå det som små, svarte prikker, jordslag. Dette er noko som sit på overflata og påverkar ikkje målinga sin funksjon på annan måte enn estetisk. Dersom angrepet er kraftig og sjenerande kan det vaskast vekk med eigna vaskemiddel for sopp og alger, oppvaskmiddel kan nyttast. Årska til dette kan vere at treet allereie før målimg er utsett for mugg/algeangrep. Muggangrep frå omkringliggande miljø er vanskeleg å finne årsaken til, men ein veit at gamalt tørt gras, kan vere ein årsak. Desse angrepa er ulike frå stad til stad og år til år. Det er ikkje tilsett fungicid i vår linoljemåling. Vi reknar sinkoksid for å ha ein langsiktig verknad og dette er tilsett all vår måling.
  • Oksidasjon/tørking starter når linoljemålinga kjem i kontakt med oksygen, lys, varme og god lufttilgang, framskunder prosessen. Generelt tek det frå 1-5 døgn før linoljemåling er tørr, alt etter tilhøva. Dei beste tilhøva er utandørs i sommerhalvåret. Dersom ein skal måle innandørs i vinterhalvåret, tilrår vi at det vert tilsett 10 ml ekstra tørkemiddel (sikkativ) pr liter måling. I ein kald, mørk kjeller tek det lang tid før målinga er tørr, kulde seinkar oksidasjonen.
  • Pigment Tradisjonelt har det alltid vore nytta organiske pigment i linolje. Eksempler på slike pigment er jordfarger, jernoksider og andre metallforbindingar. Miljôlagstiftningen (svensk), har i seinare tid forbode kadium, krom og bly i husmåling. Før var desse vanlege når ein ville ha fargesterk måling. Moderne forskning har framstilt miljøgodkjende, uorganiske, pigment som vi nyttar som erstatning for desse.
  • Reingjering Den mest skånsame måten for hender og penslar, er vatn og såpe. Penslane kan ein først tørke godt av, so vaske dei i whitespirit, so i lunka vatn og såpe til slutt.                                                                 Bruk IKKJE såpe på ei måla overflate!
  • Rynker på overflata etter måling tyder på at ein har lagt på målinga for tjukt. Rynkene kjem gjerne i profilar, der målinga har lett for å samle seg. Dersom målinga er kald vert ho tjukkare og det vert vanskelegare å få lagt henne på i tynne strøk.
  • Skjellakk er framstilt av eit spritløyseleg sekret frå ei asiatsik skjoldlus. Ein rimeleg versjon er kvistlakk, som vert nytta til å isolere kvister og andre områder med mykje kvae, før måling innandørs. Dersom ein ikkje nytter skjellakk kan kvae trenge gjennom målinga og ho vert misfarga i form av brune flekker. Skjellakk skal påførast relativt rikeleg 1-2 gongar og er overmalbar etter ca 30 minutt. Dersom det likevel skulle verte gjennomslag etter første strøket, kan ein påføre eit lag til, utanpå den målte flata, før ferdigmåling. På sterkt sugande flater, som til dømes sparkel, kan ein  bruke skjellakk for å minske/stoppe innsuget.
  • Underlaget kan vere ulike treslag, murpuss, gips eller metall,som må vere tørt, med eit fuktinnhald på under 15% og ha ein nøytral pH-verdi. Måling på papir og tekstil kan vere uheldig. Målinga sin oksidasjon kan gjere desse materiala skjøre. Isoler underlaget først med lim eller emulsjonsmåling. Silikonbaserte og voksa overflater kan ikkje overmålast.
  • Vedheft Linoljemåling har ein fantastisk vedheft og fester seg på stort sett til alle underlag. Vår erfaring er at libnoljemåling har mykje bedre vedheft enn samanlikbare målingstypar.

 

 

Oversett av Maria Stornes


shopping basket 0 items

Shopping Cart

0

Your shopping cart is empty

Visit the shop