Korleis måle med linoljemåling?

Arbeidsbeskrivelser, innendørs

Desse arbeidsbeskrivelsene skal fungere som veiledning, der er fleire variantar. Legg merke til at beskrivelsene nedanfor er for ubehandla underlag. Måling med linoljemåling innandørs krever kunnskap og erfaring, det er viktig at målinga vert påført i eit tynt og jamt lag. Det er óg viktig å følge tørketidene som er oppgitt. Målinga krever svinebustpensel av god kvalitet. OBS! Ved innandørsmåling kan det tilsettast 1%ekstra tørkemiddel i målinga, (10 m/1 l måling).

Alternativ 1. Måling med standardfarger og terpentintynner.

Underlag, saga og høvla treoverflater samt pH-nøytral puss. Resultatet er halvblank glans. Kvistlakk må påførast 1-2 gongar før måling.

 

  1. Spe målinga med ca 15% balsamterpentin, la det tørke minst 2-3 døgn. Slip lett, evt sparkling gjerast no, med oljesparkel som etter trøking grunnast.
  2. Mål med rein måling, lat det tørke minst 3 døgn. Slip lett.
  3. Sluttstrøket målast med rein måling.( For modifisering av glans/utflyting sjå nedanfor).

 

Måling på tidlegare måla overflater

Vask med målartvätt og slip lett. Grunn eventuelle sugende parti med utspedd måling, punkt 1, deretter følger du punkt  2 og 3.

 

Alternativ 2. Måling med standardfarger utan tilsett terpentin

Underlag, saga og høvla treoverflater amt pH-nøytral puss. Resultatet er halvblank. Kvitstlakk  påførast 1-2 gongar før måling.

 

  1. Bland til ei grunning som inneheld 2 delar kokt linolje og ein del måling. Mål eit tynt strøk og la dette tørke minst 3 døgn. Slip lett.
  2. Mål med rein måling (ikkje utspedd). La det tørke mist 3 døgn. Slip lett.
  3. Mål sluttstrøket med rein måling. ( For justering av glans/utflyting, sjå nedanfor).

 

Måling på tidlegare måla overflater

 

Vask med målartvätt og slip lett. Grunn eventuelle sugende parti med utspedd måling, punkt 1, deretter følger du punkt  2 og 3.

 

Måling med Antikvit glans 50

NCS S0502-Y

Glatte underlag der høgare glans og jamn utflyting er ønskeleg. Bruk kvistlakk før måling, 2-3 gongar. (heile flata?)

 

  1. Grunn med vår grunning Vit Grund. La det tørke mist 1 døgn. Slip lett. Eventuell sparkling av ujamnheter må gjerast no, bruk oljesparket.. Denne må grunnast etter tørking.
  2. Bland likedeler Vit Grund og Antikvit. Mål eit tynt strøk, la dette tørke minst 3 døgn. Slip lett.
  3. Sluttstryk med Antikvit. Mål eit tynt støk med godt verktøy, pensel med god spenstif bust og fordivar. (Fordrivar er ein flat breid pensel).

 

Måling på tidlegare måla overflater

Vask med målartvett og slip lett. Grunn først sugende parti, mål deretter 2-3 gongar med Antik Vit.

 

 

Måling med standardfarger, eitt strøk.

Underlag: tak og vegger av tre, pH-nøytral puss. Gir en matt glans. Spe linoljemålinga med 10-30% kokt linolje. Stryk på målinga i eit tynt og jamt lag. Arbeid heile tida vått i vått og unngå dobbelstryking. Målinga harså god dekkevne at overflata vil på farge av eitt strøk. Underlaget vil suge til seg overskuddet av linolje noko som vil gi ei matt til sidenmatt overflate etter et døgn. Denne arbeidsbesparende metoden kjem best til sin rett på store flater av (råspont), ubehandla panel og puss.

 

 

Måling med Matt vit og ferdigblanda høg vit (Vit Titan-Zink)

Underlaget må vere grunnet eller tidlegare måla flater, der heilmatt glans er ønskeleg. Dersom overflata er ubehandla må den føst grunnast med Vit Grund. Målinga setter seg fort og kan med fordel rullast på. Påførast raskt og jamt med pensel eller rulle, 1-2 gonger. Tørkeitd 12-24 timer. Inneheld terpentin.

 

Måling med Vit Puts, ferdig tynna høgvit måling for murpuss. Matt/halvmatt.

Underlag: pH-nøytral puss eller tidlegare måla pussoverflater. Påførast 2-3 gongar med pensel eller rull. Inneheld terpentin.

 

Måling med strandardfargar på metall

Påfør linoljemålinga, tynt, 1-2 gongar med pensel eller fin rull. For ei jamnare utflyting, spe med 10% terpentin.

 

Måling med standardfargar på andre målingstypar, til dømes alkyd- og alrykmåling.

Vask overflata matt med egnet vaskemiddel, til dømes målartvett. Skarp vekk laus måling og grunn bare treoverflater/sugende parti?? med måling som er ispedd 10-20% terpentin, eller ei blanding av linolje og måling, (her må inn eksempel på blanding!!) Sparkl med oljesparkel, dersom det trengs. Slip denne, og grunn med tynna måling. Mål med rein måling, eitt til to strøk.

 

Lasurmåling med strandardfarger

Underlag: ubehandla treverk. Dette gir ein matt/halvmatt glans. Pensle på vatn på treverket og la dette tørke. Deretter kan ein slipe vekk den eventuelle fiberrøysinga på treoverflata. Bland ei enkel lasurolje av like deler kokt linolje og terpentin. For å få ein høgare glans kan ein bruke linoljelakk/lasur. Bruk oljen/lasuern og spe i linoljemålinga til ønska styrke. Gjer prøvestrykningar. Overflater som blir utsett for slitasje bør behandlast medlakk/verniss.

 

Måling med Vit Lasyr, ferdigblanda

Underlag: ubehandla treverk. Matt glans. Pensle på vatn på treverket, la dette tørke pg slip av fiberreisinga på overflata. Stryk lasuren tynt, ein gong.

 

TIPS!

  • Sugende parti, til dømes sparkel og bart treverk, kan ein isolere med skjelllakk/kvistlakk for å sleppe matte flekkar.

 

 

  • Endring av fargen på sluttstrøket. Når ein målar innandørs er det høge krav til sluttresultat og overflater. Vår linoljemåling kan få ein høgare glans og bedere utflytning ved å tilsette Ottossons Soloxiderade linolje og/eller linoljelakk. Ein kan tilsette mellom 0,5 – 1,5 dl per liter. Det skal berre tilsettast i siste strøket. Overflater som vert utsett for ekstra stor slitasje kan påførast oljelakk etter minimum 2 veker, avhengig av tørkeforhold.

 

Slik opnar ein målingsspannet på beste måten

  1. Sett ein fot på spannet
  2. Bruk ein stiv sparkel
  3. Slå med ei klubbe/hammer nedanfrå
  4. Når der kjem ei glipe, slutt å slå.

 

UTANDØRS MÅLING

 

Alternativ 1: Måling med standardfarger tilsett terpentin/linolje

Underlag: Ubehandla treverk og pH-nøytral puss. Gir halvblank glans.

  1. Bland grunninga slik: 35% måling, 50% rå linolje og 15% terpentin. Stryk godt ut denne grunninga. Tørketida er avhengig av veret, ein kan rekne med 3-4 døgn med tørt og varmt ver. Overflata skal vere tørr og slett når ein stryk over med handa. På feit ved kan ein bruke noko mindre linolje og auke mengden terpentin.
  2. Mellomstrøket skal påførast med rein måling på slette flater. Spe ut målinga med 10 – 20% terpentin, på grove flater. La tørke i 2 – 3 døgn.
  3. Sluttstryk med rein måling. For å få noko jamnare utflyting, kan ein spe med 5 – 10% kokt linolje, soloxiderad linolje eller linoljelakk.

 

Måling på overflater som har vore måla med linoljemåling eller anna type måling

Skrap vekk laus måling og vask.  Grunn sugende parti med ei grunning som nemnt i punkt 1, følg deretter punkt 2 og 3.

 

Alternativ 2: Måling utan løysemiddel

Måling med standardfarger ispedd olje, utan terpentin.

 

Underlag: saga/høvla treverk og pH-nøytral puss. Gir halvblank glans.

 

  1. Bland grunninga slik: 30% måling og 70% rå kaldpressa linolje. Stryk på og la det tørke minst 4-5 døgn.
  2. Mål med rein måling, la det tørke 2-3 døgn.
  3. Sluttstryk med rein måling. For å få jamnare utflyting kan ein spe med 5-10% kokt linolje, soloxiderad linolje eller linoljelakk.

 

Måling med standardfarger, ei påføring

Underlag: saga treverk, gir ein matt glans.

Velg ein standardfarge og bland 50% måling, 40% rå kaldpressa linolje og 10% terpentin. Stryk på målinga jamt, eitt strøk. Målinga har så god dekkevne at overflata vil få farge av eitt strøk. Underlaget vil suge til seg overskuddet av linolje og etter eitt døn vil overflata vere matt. Denne behandlinga passer på gjerder, plank og fasader der ein ønsker ein slamfärg liknande effekt. Jamfør med våre standardfarger Genarpsröd og Vitriolgrå.

 

 

Måling med standardfarger på metall

Gir ein halvblank glans.

Mål bart metall med jernmønje, for å verne mot rust. Påfør 2 gonger. I første strøket skal ein tilsette 10% terpentin. Dersom ein ønskjer ein anna dekkfarge, skal ein bruke rein måling og påføre dette 2 gonger, tørketida mellom strøka må vere minst 2 døgn.

 

Måling med Vit Puts, ferdigblanda farge for pussa flater.

Gir matt/halvblank glans. Underlag: pH-nøytralt puss eller tidlegare måla pussflater.Inneheld terpentin. Dette skal påførast tynt og jamt 2 gonger, med pensel eller rull.

 

TIPS!

  • Dersom ein ønskjer ei blank overflate, med lakk utsjånad,  kan ein påføre tynt  La Tonkinois Bio impression etter minimum 2 veker, avhangig av tørkeforhold.
  • For å få ei smussavvisende overflate på saga treverk, anbefalast ei grov sliping etter grunning.

 

 

ALDRENDE UNDERLAG

 

På grunn av eksponering av sollys vert linoljemåling mat med tida, noko ein ser først på sørveggen. Det er linoljen i målinga som vert broten ned. Det at målinga vert matt er naturleg og krev ikkje direkte tiltak. Når målinga vert heilt matt vil ho ta til å krite, det vil seie ho smittar når ein er borti Linoljemåling flaknar vanlegvis ikkje frå underlaget.

 

Kriting kan vere positivt i den forstand at målinga vaskar seg sjølv, sidan smuss og eventuelle alger/sopp vil erodere frå overflata. Det kan likevel føre med seg nokre praktiske problem, til dømes hagemøbler som farger av. Vi vil påpeike at denne nedbrytningsprosessen skjer utvendig og at linoljemåling har nærast uendeleg levetid innandørs.

For å stoppe, eller hindre kriting kan ein tilføre flata olje.

 

KOR OFTE SKAL EG MÅLE?

 

Når  ei linoljemåla overflate vert matt trur ein ofte det er på tide å måle att. Dette trengs ikkje for holdbarheita si skuld. Linoljemåling utandørs held lenge med ein matt utsjånad. Det er ofte mellom 8-15 år mellom kvar gong ein treng å måle. Det er oftere ei esteisk eller praktisk avgjerd, meir enn eit haldbarheitsspørsmål.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

shopping basket 0 items

Shopping Cart

0

Your shopping cart is empty

Visit the shop